I går gjekk vi til Bondi beach. Det er ei av dei meste kjende strendene i verda, fordi det er så mange surfarar der. Dei er ute i alt slags ver. Vi åt middag på restaurant som heiter Moo, og er oppkalt etter ei ku. Der åt eg fiskepinnar med chips :-)
I dag tok vi bussen til sentrum og gjekk i ein botanisk hage. Der såg vi "flygande revar" som dei kallar dei her. Det er kjempe store flaggermus. Dei kvite fuglane er nokon rare dyr som bit. Eirik vart veldig redd. Den store bilen er ein limosine som det var eit brudepar inn i med familie og fotografar.


Sat du i bilen?
SvarSlettHilsen David og Philip
Hei David og Phillip. Nei eg fekk ikkje sitte i bilen. Det var ein bryllups bil.
SvarSlettdu er kul
SvarSlettfra mari