Hei alle sammen. No er det siste gong eg skriv på bloggen. Eg kjem heim på mandag og på skulen på tirsdag. Den siste veke har vi ikkje hatt internett, så derfor ikkje noko på bloggen. Vi har vore på Hamilton øya og der har eg haldt koala, snorkla, sett ville havskillpadder, bada og køyrd golf bil. No skal vi ha ein liten stopp i ein by som heiter Brisbane før vi begynner på den lange vegen heim i morgon. Takk til alle som har fulgt med på reisa mi :-) Gleda meg veldig til å sjå dokke alle igjen.
Klem frå Maja.
fredag 25. november 2011
fredag 18. november 2011
Siste veke i Melbourne
Hei. No har siste veka i Melbourne gått. No skal vi til ei øy som heiter Hamilton øya og være der ei veke til vi reise heim. Denne veka har vi gjort lekse, vært på marked, vist byen til farmor og farfar, vore på sjømannskirka og skrotleikeplassen og sett kjempe søte pingviner når dei kjem inn frå havet om kvelden. Vi fekk også sjå ein baby denne gongen.
mandag 14. november 2011
kjøring - kjøring - kjøring
Hei. I helga kjørte vi minibuss. Pappa var sjåfør. Vi stoppa ein plass der vi fekk halde pappegøye, og ei landa i håret mitt. Vi fekk mate dei frå handa vår. Det var kjekt. Der var det også ville koala. Så kjørte vi meir og då kom vi til ein regnskog med masse koala bjørnar. Etter det drog vi på ei strand for å bade, men det var alt for store bølger. Då såg vi eit pinnsvin og ei firfisle.
mandag 7. november 2011
Luna Park, togtur og Håkon vart spist...
Verdas morsomste tivoli heiter Luna Park. Der var vi på laurdag. Der prøvde vi vikingskip, spøkelseshus, ei tårnheis og eit pariserhjul. På berg og dal bana var det ein sjåfør som stod på toget og bremsa. Han hadde ingen sele.
Når vi skulle heim igjen tok vi taxi. Sjåføren var frå India. Han hadde reist frå tvillingguttane sine når dei var 3 år for å jobbe her. Farmora passa på dei. No var dei sju år gamle. Det var ein kjekk mann.
På søndag var vi på togtur igjennom regnskogen. Vi køyrde forbi Thomas toget og kom til ein innsjø der vi åt lunsj og leika. På togstasjon då vi skulle heim fekk vi mate pappegøye. Litt seinare køyrde vi forbi ein park der ein kunne mate kakaduer. Når Håkon skulle mate vart han biten i fingeren så blodet rann. Det gjekk bra til slutt, heldigvis.

fredag 4. november 2011
Melbourne cup
Hei. Dokke lurer kanskje kva Melbourne cup er? Det er eit stort hesteløp som er her ein gong i året. Då har alle fri og damene går med rare hattar. Vi gjekk i dyreparken denne dagen. Der fekk vi sjå mange dyr. Det kjekkaste var sommerfuglhuset og koalabjørnen. Sommerfuglane landa på handa mi!
Onsdag var vi på ein leikeplass som er åpen kun frå 4 - 6 kvar dag. Der er alle tinga laga av skrot. Klatrestativa var laga av alt mulig rart søppel. Der var høner og olabil. Det var en veldig kjekk leikeplass. No er det mindre enn ein månad før eg kjem heim. Gleda meg til å sjå dokke alle sammen.
torsdag 3. november 2011
Abonner på:
Kommentarer (Atom)