mandag 31. oktober 2011

Helga mi

På laurdag var vi på Victoria markedet. Der tok vi bilde av ein rar mann med hatt. Kjenner dokke han igjen? Vi kjøpte ein digerido, ein slik som bustemannen frå bildet med dei 3 søstre spelte på. Vi kjøpte også ein bommerang, som er ein boge som ein kan hive så kjem den tilbake til deg. I byen var det ein plass vi fekk lov til å spele pacman ute på storskjerm. Den som hadde mest poeng fekk ein X-box. Vi vann ikkje.

Søndag var vi på Melbourne akvarium. Der såg vi pingvinar, haiar og masse andre rare fiskar. Sjå den skumle haien lenger nede.







fredag 28. oktober 2011

Flammar

Hei. Kvar kveld er det flammar nede med elva. Det er klokka 8,9,10, 11 eller 12 og varer ei lita stund. Vi kan sjå det frå leiligheta vår kvar kveld. Det lyser opp nesten heile byen. Håkon må sjå 8 flammane før han kan legge seg. Savner dokke. Hade. <3<3<3


Cola

Skulle gjerne ha delt denne colaen med deg Andrea...<3<3<3

onsdag 26. oktober 2011

Dronninga

Heisann. I dag skulle vi på ein plass som heiter Art Play, som betyr kunst leiking. Vi måtte over ei bru. Der stoppa og såg kva som skjedde. Bilvegen var avstengd. Det var 1000 politi der, og mange tusen som stod og såg på. Det var nemmelig dronninga av England og Australia, som var på besøk. Ho kjøyrde forbi med trikken. Når ho hadde kjørt forbi skulle vi kjøpe is, men vi kom oss nesten ikkje av flekken. Når endelig hadde fått kjøpt is, gjekk vi på Art Play. Der var det eit rom vi kunne lage mange rare ting. Eg lagde et menneske som hadde hula hula hår og skjørt av tomme boksar.



Klem frå

søndag 23. oktober 2011

Sykkeltur

I dag sykkla vi 2,5 mil. Det var veldig langt. Vi sykla til ein gard der vi fekk klappe saude, marsvin og geite. Det var høner, haner, hester, kyr og esel også. Akkurat som heime. På vegen til garden stoppa vi to plasser. Ein klatrevegg og ein benk ved elva for å ete lunsj. Håkon satt i sykkelvogn og Eirik i stol. Det var veldig varmt i dag. Eg haldt på å smelte :-) Tilbake i byen åt vi middag og ein giga kule is. Det stod mange skilt om slangar, men heldigvis såg vi ingen denne gongen.







lørdag 22. oktober 2011

Messe

Hei. I dag var eg på messe. Der fekk eg halde kanin og kylling, og fekk ansiktsmalt ein sommerfugl. Så drog vi til ein plass der pappa, Håkon og eg spelte minigolf i mørket. Det var sjølvlysande ballar og ting inne i huset. Etter på åt vi spansk middag. Vi fekk mange rettar på bordet som alle kunne ete frå. Det var godt.


torsdag 20. oktober 2011

Den svenske sjømannskirka

Hei. I dag var vi i den svenske sjømannskirka. Endelig nokre andre som ikkje snakka engelsk. Først sang vi litt. Så fekk vi lunsj. Vi fekk potetgrateng, tomat, agurk, rømme og knekkebrød med smør og skinke. Så sang vi litt igjen. Så tok vi trikken heim og åt middag på eit matmarked. Det er ein plass inne i eit hus med mange boder med mat som vi får med ein gong vi betaler. Eg slapp å gjere lekse i dag fordi eg nesten er ferdig med vekeplanen.

På kvelden var pappa, Håkon og eg og spelte biliard og luft hockey. Håkon vann biliard og eg vann hockey. Så fekk vi is på ein kiosk og såg ein morsom tulle film ute på veggen til to hus. Veldig gøy.

Klem frå Maja.

tirsdag 18. oktober 2011

TOM - TOM CREW

Hei. Tysdag var eg og mamma på TOM TOM CREW som er eit show som går om kvelden. Det har vore rundt i heile verda. Eine mannen fortalde at han brukte alltid å kjøpe ein ting alle plassar han var. Dokke kan sjå han på videoen med eit rart instrument. Sykt bra!

søndag 16. oktober 2011

Scienceworks

Hei. I dag var vi på Scienceworks. Det er ein plass som ein kan lære mange morosame ting. Vi fekk prøve ulike sportar som snowboard, løping, 3D fotball, basket og turn bom. Vi fekk også teste kor høgt eg hoppar og kor sterk eg er. Det var kjekt.

lørdag 15. oktober 2011

Bading

I dag bada vi i bassenget. Det var kjempe gøy. Mormor og morfar reiste heim i dag. Det var litt trist, men heldigvis går tida fort her. Vi tok trikken til stranda der det var 2 leikeplassar.

onsdag 12. oktober 2011

Marked dag

Hei. Tirsdag var vi på marked. Der var det masse fint. Der kjøpte vi deksel til mobilen til mamma. Håkon fekk ein angry birds bamse og eg fekk Hanna Montana uno kort. Vi var også i Australias høgaste hus som er 90 etasjer høgt.

Tusen takk for alle som skriv tilbake. Eg savner dokke.

Pingviner

Søndag drog vi til ei øy som heite Philip øya. Det var ein plass vi måtte gå på ei bru når vi skulle sjå på utsikta for det kunne være giftige slanger der. Då såg vi ein stor slange som krangla med ein måse. Etter at det var mørkt såg vi på ville pingviner som skulle opp frå sjøen for å finne hulene med konene sin i.

tirsdag 11. oktober 2011

Melbourne

Dette er huset vårt i dei neste 6 vekene. Her skal vi bo i 22. etasje :-) Litt annerledes enn Skåthaugen...



View Larger Map

mandag 10. oktober 2011

Digiridoo og dei 3 søstre

Den siste dagen i Sydney var vi på biltur til eit høgt fjell med utsikt til 3 fine fjell kalla dei 3 søstre. Der var det ein ekte mann fra Australia, ein Aborigini. Han spelte på ein digiridoo. Når vi skulle gå ut på den eine søstre måtte Håkon tisse. Då tissa han på noko vi trudde var ei firfisle, men det viste seg at det var ein slange. Då stakk vi.




lørdag 8. oktober 2011

Sydney dag 5 - Dyrehagen

I dag skulle vi endelig til dyrehagen. Vi tok ferge fordi dyrehagen ligg på andre sida av sjøen. Båten gikk forbi eit tivoli. Det er eit tivoli som står oppe heile tida. Det heite Luna park.

Vi såg Koala bjørnar, kengeruar, løver, sauer og fleire andre dyr. Det aller beste var at vi fekk klappe en kengeru.

tirsdag 4. oktober 2011

Sydney dag 2 og 3

I går gjekk vi til Bondi beach. Det er ei av dei meste kjende strendene i verda, fordi det er så mange surfarar der. Dei er ute i alt slags ver. Vi åt middag på restaurant som heiter Moo, og er oppkalt etter ei ku. Der åt eg fiskepinnar med chips :-)

I dag tok vi bussen til sentrum og gjekk i ein botanisk hage. Der såg vi "flygande revar" som dei kallar dei her. Det er kjempe store flaggermus. Dei kvite fuglane er nokon rare dyr som bit. Eirik vart veldig redd. Den store bilen er ein limosine som det var eit brudepar inn i med familie og fotografar.





søndag 2. oktober 2011

Sydney dag 1

I dag har vi sett på brua. Vi har også sett på opera huset. Når vi var ferdig gjekk vi på kafe å drakk kakao. På et av bilda ser du lille bror når han drikk kakao å når han er ferdig.

lørdag 1. oktober 2011

Flyturen

Hei flyturen gjekk bra kanskje fordi eg fekk ei venninne som skulle til Thailand. Ho heiter Helena å gjekk i 2. klasse.På flyplasen i Bangkok fikk vi rambutan. ikkje anbefalt. På flyet sovna eg klokka 4 om natta norsk tid.

No kan alle skrive kommentarer utan å ha konto for dette. Berre prøv. Du kan også få epost kvar gong eg skriv noko, om du legg inn epostadressa di til høgre.

Klem frå Sydney.